Molly og Partner: "Jeg vil heller danse på bordet!"

Dette showet snur kvardagen på hovudet – og Molly & Partner lovar ei oppleving du ikkje gløymer med det første!

Molly & Partner har ikkje bil, men dei har sykkel og trillebår. Klokke treng dei ikkje.
Pengar har dei heller ikkje – men det ordnar seg alltid! For kvar einaste dag dett det nemleg godteri ut av eit hol i veggen bak sofaen. Det brukar dei til å bytte til seg alt dei treng: Seks egg og ein liter mjølk for ein pose seigmenn, ein kålrabi for fire sure skrikerungar – og ein gong fekk dei ei stålampe (!) for ein pose ostepop og tre melkesjokoladar.

LAURDAG 18.OKTOBER I VOSS KULTURHUS

Publisert
29. september 2025
Skrevet av